Austevoll kommune Brann og redning

Brannkonstabel

Austevoll brann- og redningsteneste held til i Porsdalen, ca 3 km frå Storebø sentrum.
Brannstasjonen har kontorarbeidsplassar for brann og rednings tenesta og kommunens Forvaltning- Drift og vedlikehaldsavdeling (FDV). Brann og redning består av en mannskapsstyrke på 22 personar. Alle med forskjellig bakgrunn.

Austevoll kommune har ledig  2 stk 1,7 % deltidsstillingar som brannkonstabel.

Arbeidstid:
I samsvar med gjeldande øvingsplan samt kunne rykke ut til hendingar som blir varsla via nødnett eller mobiltelfoni. Det må påregnes en del kurs og opplæring i stillinga. Etter kvart inngå i vaktordning.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Delta i øvingar og vedlikehaldsoppgåver i samsvar med planar.
  • Delta i utrykning ved brann, ulykker, akutt forureining samt andre samfunnsoppgåver.
  • Pliktig bæring av nødnett radio.
  • Villig til å gjennomføre opplæring/kurs

Ønskeleg utdanning:

  • Brannfagleg utdanning/kompetanse, (jf. krav i Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene § 37. Brannkonstabel deltid.
  • Førarkort klasse C.
  • Kompetansebevis for utrykningskjøretøy, kode 160 i førarkortet.
  • Båtførarkompetanse
  • Førstehjelps erfaring/kompetanse

Anna:

  • Gode samarbeidsevner
  • God fysisk helse
  • Bustadsadresse i nærleik av Austevoll brannstasjon.
  • Moglegheit for fagleg utfvikling.
  • Avklart med hovedarbeidsgiver om aksept til å kunne rykke ut i arbeidstid.
  • Svømmedyktig


Den eller dei som vert tilsett vil gå gjennom eit opplæringsprogram, dette inneber teoretisk og praktisk opplæring. Opplæringsperioden er 12 mnd. Etter bestått opplæringsperiode vil ein kunne gå inn i fast vaktordning.

Før ein eventuell ansettelse må det visast:
Bestått helseattest
Bestått fysisk test.
Må ha utvida politiattest.

Er du ein person som ønsker å hjelpe/bidra andre ved uhell og ulykker så oppfordres du til å søke. Dei som vert tilsett vil gjennomgå ett opplæringsprogram ihht Brann og redningskulen, det meste av kursinga vil skje lokalt. Opplæringsperioden varer mellom 12 -24 mnd. avhenge av kursplasser.

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

05.12.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Brann- og redning

Kontaktpersonar:

Hans Petter Bjånesøy

tlf: 55081021

mob: 97119444

Adresse:

Porsdalen 5392 Storebø

Kontorlokalisering: