Austevoll kommune

Vil du bli ein del av vårt team? Vi tilbyr stilling som

badevert

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Vi søkjer badeverter som vil bli ein del av vårt team! Vi har ledig fast stilling, eller stilling som ringevikar/ekstrahjelp. Vi ønskjer at du oppgjer kva stilling du søkjer på i søknaden din.

Austevollbadet ønskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Gjennom veka forgår det mange aktivitetar i Austevollbadet. Vi tilbyr alt frå symjekurs og ulike treningstilbod for alle aldergruppar, i tillegg til badebursdagar og publikumstidene for bading.

Som badevert har du ansvar for sikkerheit, hygiene, reinhald og service. Arbeidstidene dine vil inngå i turnus, der ein må pårekne noko jobb på dagtid, men hovudsakleg vil vaktene vere om kvelden og i helgen. Stillinga krever ingen formell kompetanse ettersom naudsynt utdanning og praksis blir gitt til rett person.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Skape tryggleik og god stemning for gjestar og kollegaer
  • Vakthald og vert for dei badande
  • Yte god service til publikum
  • Handtering av kasse og adgangssystem
  • Forefallande reinhaldsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Engasjement for symjing og basseng
  • Fordel med instruktørkompetanse i vanngymnastikk, teknikksymjing o.l.
  • I overkantsymjedyktig
  • Fordel med livredningskompetanse
  • Serviceinnstilt
  • Gode datakunnskaper
  • Politiattest kreves ved tilsetting

Søkjer må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som har god fysisk form, gode samarbeidsevner, vidare må vår nye kollega:

  • Vere ein lagspelar
  • Ha stor arbeidskapasitet
  • Ha auge for detaljar og kvalitet
  • Ha fokus på tryggleik
  • Vere tydeleg og hjelpsam

Vi tilbyr:

  • Arbeid i eit prositvt og travelt miljø
  • Livredningskurs og gjennomføring av prøve, og andre naudsynte kurs
  • Spennande utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Stillingsprosent etter avtale
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid
Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

02.12.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Austevollbadet

Kontaktpersonar:

Mette Storebø

mob: 91661045

Adresse:

Prestanesvegen 51 5392 Storebø

Kontorlokalisering: