Austevoll kommune Miljøarbeidertenesta

Teamleiar

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Austevoll kommune har ledig 100 % vikariat som teamleiar ved Miljøarbeidartenesta frå 01.11.2021 - 01.09.2022 med moglegheit for forlenging.

Arbeidsstad
Direkte under avdelingsleiar i Miljøarbeidartenesta. Ved fråvær er teamleiar stedfortredar for leiar i den operative drifta. Leiar har ansvar for delegering av oppgåver og rettleiing. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Ansvar for systematisk oppfølging, rettleiing og utvikling av tilsette.
  • Ansvar for koordinering av tenestetilbodet kring den einskilde tenestemottakar i samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Sikre at prosedyrar og retningslinjer i høve til vedtak om tenester vert fylgt opp.
  • Deltek i aktuelle nettverk for å bidra til utvikling av tenesteområdet.
  • Deltek i samhandling med aktuelle samarbeidspartnarar, deriblant Austevoll Arbeidssamvirke As, helseservicekontoret, vaksenopplæringa, legetenesta og spesialisthelsetenesta.
  • Samarbeid med helseservicekontoret i høve til vurdering av tenester kring den enkelte tenestmottakar.*
  • Koordinator ansvar for individuell plan og delegering av koordinatorrolla til aktuelle tilsette.
  • Tett samarbeid med anna teamleiar i eininga samt miljøterapeutgruppa

Arbeid med turnus og arbeidsplanar.
Rapportering til leiar
Teamleiar må ta aktiv del i miljøarbeid ut frå arbeidsplan og elles ved behov.

Kvalifikasjonar
Utdanning:
Treårig helse-/og eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Relevant vidareutdanning kan bli vurdert som vektleggjande.

Praksis:
Erfaring med liknande arbeid er ynskjeleg. Det er ynskje om kunnskap innan velferdsteknologi.

Du må ha sertifikat kl. B

Anna personlege eigenskapar:
Det blir lagt vekt på fleksibilitet, kommunikasjons-/ og samarbeidseigenskapar, evne til å jobbe sjølvstendig samt evne til problemløysing og nytenking. Vi ynskjer ein engasjert og motivert teamleiar som vil jobbe for å vidareutvikle tenestene til det beste for tenestemottakarane og tilsette. Det vil bli lagt vekt på evne til å inkludere medarbeidarar og evne til å samle alle kollegaer til eit team.

Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass der ingen dagar er like og der du vil få stor moglegheit til å påverke.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.08.2021

Tiltreding:

01.11.2021

Arbeidsstad:

Miljøarbeidartenesta

Kontaktpersonar:

Linn-Beathe Suphammer

mob: +47 98232951

Adresse:

Eidsbøen 5392 Storebø