Austevoll kommune Oppvekst

Austevoll kommune søkjer deg som spesialkonsulent i barneverntenesta!

Spesialkonsulent

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Austevoll kommune har ledig 100 % stilling som spesialkonsulent i barneverntenesta

Arbeidsstad
Barneverntenesta i Austevoll har tilsaman fem årsverk inkl leiar. Tenesta arbeider med barn, unge og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon. Vi er oppteken av god kompetanse, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Eit godt arbeidsmiljø vert vektlagt, og tilsette får vidareutvikla seg med tanke på nye utfordringar og oppgåver. Tenesta er i utvikling for å møta nye utfordringar og oppgåver i tråd med den nye barnevernsreforma og det komande tiltaksarbeidet.

Austevoll kommune står overfor utfordrande og spennande oppgåver knytta til den nye barnevernsreforma/oppvekstreforma. Reforma krev fokus på samarbeid på tvers av relevante instansar/einingar.

Kommunen er i ei prosjektfase «Tidleg inn» (oppstart januar 2021) i regi av Bufdir der vi arbeider med modellutvikling, kartlegging av kommunen sin kompetanse på området tidleg identifisering og beskrivelse av det systematiske arbeidet i kommunen. Barnevernet inngår som naturleg eining i dette arbeidet då barnevernsreforma sin intensjon er å styrke den tidlege innsatsen. Austevoll kommune vil tidleg inn, vi vil vere ein kommune som understøttar barnet, pårørande/foresette før vanskane tar overhand. Vi vil jobbe for at barn, pårørande/føresette ber om hjelp og at dei vert møtt med aksept og inkludering frå første møte.

Vi vil vere ein kommune som jobbar systematisk rundt åtferd og tileignar oss kunnskapsbasert metodikk for å understøtte barn og ungdom. Vi skal organisere oss på ein slik måte at vi hentar synergiar frå fagmiljøa våre, og bidra til samhandlingformer som gagnar oppveksten til barn.

Ein framtidig spesialkonsulent vil få ei framtredande rolle i dette arbeidet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Delta i tverrfaglege møte eksternt og internt
  • Rapportering
  • Saksbehandling
  • Rettleiing av kollegaer internt i kommunen
  • Rettleiing føresette
  • Rettleiing av studentar
  • Bidra til å utvikla tiltak i «Tidleg inn»-prosjektet
  • Gjennomføra tiltak jamfør «Tidleg-inn»
  • Delta i kunnskapsbaserte program/FOU-arbeid

Vi søkjer deg med dette kunnskapsgrunnlaget:

  • Minimum bachelor innen barnevernspedagog/sosionom/læringspsykologi, ønskeleg med master i sosialfag, barnevern, ev anna relevant masterutdanning
  • Etter/vidareutdanning – familieterapi og systemisk praksis, relasjonskompetanse i barnevernet, ev annan relevant etter/videreutdanning er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med tilsvarande målgruppe
  • Kunnskap om førebyggjande arbeid og tidleg innsats
  • God IKT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God juridisk forståing
  • Førarkort
  • Politiattest

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, sjølvstendig  og evner å vere reflektert  i møte med barn, pårørande og samarbeidspartnarar. Vidare er du:

  • ein person som utfordrar oss på etablert praksis gjennom tenesteinnovasjon
  • tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med brukarar og kollegaer
  • oppteken av fag, fagutvikling og måloppnåing
  • ein lagspelar med gode samarbeidsevner
  • ein person med godt humør og pågangsmot

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spanande utfordringar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Barneverntenesta

Kontaktpersonar:

Brit Trellevik

mob: 90656045

Sigrunn Madland

mob: 96634425

Adresse: