Austevoll kommune Oppvekst

Vil du arbeida i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag?

Leiar i barneverntenesta

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. 

Austevoll kommune har ledig 100 % stilling som leiar i barnevernet.

Arbeidstad:
Barneverntenesta i Austevoll har tilsaman fem årsverk inkl leiar. Tenesta arbeider med barn, unge og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon. Vi er oppteken av god kompetanse, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Eit godt arbeidsmiljø vert vektlagt, og tilsette får vidareutvikla seg med tanke på nye utfordringar og oppgåver. Tenesta er i utvikling for å møta nye utfordringar og oppgåver i tråd med den nye barnevernsreforma og det komande tiltaksarbeidet.

Som leiar i barnevernet får du ansvar for fagleg og økonomisk leiing av tenesta. Du skal vera ein tydeleg og synleg leiar for dei tilsette, og ha ansvaret for å utvikla dyktige medarbeidarar. Tenesta skal utvikla seg i tråd med den nye barnevernsreforma/oppvekstreforma og her står kommunen overfor utfordrande og spennande oppgåver som krev samarbeid på tvers av relevante instansar og einingar.

Leiar i barnevernet er ein del av leiargruppa under eininga oppvekst og kultur, og rapporterer til kommunalsjef.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Sikra at barneverntenesta arbeider etter lovkrav, faglege standarder og verdiar i barnevernet
  • Pådrivar for heilskapleg leiing og felles kultur i tenesta
  • Delta i tverrfaglege møte eksternt og internt
  • Rapportering
  • Vera ansvarleg for god saksbehandling og oppfølging av tiltak
  • Delta i og utvikla prosjektet «Tidleg inn» saman med leiarar i oppvekst og kultur
  • Delta i kunnskapsbaserte program/FOU-arbeid

Vi søkjer deg med dette kunnskapsgrunnlaget:

  • Minimum Bachelor innen barnevernspedagog/sosionom/læringspsykologi, ønskeleg med master i sosialfag, barnevern, ev anna relevant masterutdanning
  • Etter/vidareutdanning – familieterapi og systemisk praksis, relasjonskompetanse i barnevernet, ev annan relevant etter/videreutdanning er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med tilsvarande målgruppe
  • Leiarerfaring, gjerne frå barnevern eller anna relevant fagområde
  • Kunnskap om førebyggjande arbeid og tidleg innsats
  • God IKT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God juridisk forståing
  • Kompetanse innan økonomi
  • Førarkort
  • Politiattest

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er systematisk, strukturert og evner å vere reflektert  i møte med barn, pårørande og samarbeidspartnarar og tilsette. Vidare er du:

  • ein person som utfordrar oss på etablert praksis gjennom tenesteinnovasjon
  • tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med brukarar og kollegaer
  • ein sterk og trygg fagperson
  • oppteken av fag, fagutvikling og måloppnåing
  • ein lagspelar som får fram det beste i personalgruppa
  • ein motivator som engasjerer medarbeidarar til å arbeida mot felles mål
  • ein inkluderande leiar med godt humør og pågangsmot

Vi kan tilby:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
  • Spennande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Barneverntenesta

Kontaktpersonar:

Brit Trellevik

mob: 90656045

Sigrunn Madland

mob: 96634425

Adresse: