Austevoll kommune

Sakshandsamar - Austevoll ungdomsskule

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

 

Arbeidsstad

Austevoll ungdomsskule er ein MOT-skule og deltar i tilleggsprogrammet «Skulen som samfunnsbyggar.» Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Skulen har ca 205 elevar fordelt på 8.-10.trinn.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Arbeid i ulike digitale system
  • Betjening av sentralbord og resepsjon
  • Sakshandsaming, elektronisk post og dokumenthandtering
  • Lønns- og personalarbeid
  • Fakturering/økonomiarbeid
  • Bestilling av material og tenester
  • Andre merkantile oppgåver
  • Stillinga sine arbeidsoppgåver kan bli endra etter behov

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning på bachelornivå. Kontorfagleg utdanning saman med lang relevant erfaring, kan kompensera for kravet om bacholorgrad
  • Erfaring frå administrativt arbeid
  • God brukar av IKT som administrativt verktøy
  • Kjennskap til Visma er ein fordel

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på. Vi søkjer deg som har evne til å arbeida sjølvstendig, nøyaktig og systematisk. Dessutan er du:

  • ansvarsbevisst
  • fleksibel og utadvendt
  • serviceinnstilt
  • god på kommunikasjon

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Referansenr:

19/898

Fylke:

  • Hordaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.08.2019

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Austevoll ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Anders Hjelle

tlf: +47 55081302

mob: +47 92014551

Adresse:

Kleivhaugen 2 5392 Storebø