Austevoll kommune

Vi søkjer etter ein dyktig medarbeidar som sakshandsamar - rådgjevar

Helse og omsorg er ei eining med om lag 50 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

 

 

Arbeidsstad

Ved NAV-kontoret samarbeider stat og kommune om tenestetilbodet til innbyggjarane i kommunen.  NAV Austevoll har i alt 6 tilsette, 2 statlege og 4 kommunale. Vi er opptekne av å gje brukarane våre fagleg gode tenester på ein god måte, i samhandling med brukar og aktuelle instansar. NAV Austevoll har eit godt arbeidsmiljø og er i stadig utvikling for å bidra til at fleire kjem i arbeid og aktivitet, til gode velferdstenester og eit sterkt sosialt tryggingsnett. 

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • sakshandsaming av startlån og tilskot i høve til Husbanken sitt regelverk, oppfølging av lånekundar med meir
  • betening av publikumsmottak, med rettleiing av ulike brukarar av NAV sine tenester.

 

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.  Det er også aktuelt med annan helsefagleg høgskuleutdanning eller kompetanse som jurist eller økonom på høgskulenivå med erfaring frå arbeidsfeltet.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk, engelsk)
  • relasjonskompetanse
  • rettleiingskompetanse
  • relevant praksis frå fagfeltet er ønskeleg
  • erfaring med IT som økonomisk styringsverktøy
  • førarkort for personbil. Det er ønskjeleg om du disponere eigen bil i tenesta

 Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, fleksibel, sjølvstendig og som evner å samarbeida godt  i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar. Vidare må du ha:

  • god servicehalding  
  • evne til å finne gode løysingar  
  • evne til å ta ansvar, vere systematisk og effektivt

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Referansenr:

19/493

Fylke:

  • Hordaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.06.2019

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

NAV Austevoll

Kontaktpersonar:

Lillian Mjelde Østervold

mob: 92832066

Adresse:

Birkelandsvegen 6 5392 Storebø