Austevoll kommune

Er du vår nye sakshandsamar innan plan - og byggesak?

Utvikling og forvaltning er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår servicekontor, kultur- og næring, folkehelse og frivilligarbeid, plan- og byggesak, FDV (forvaltning, drift og vedlikehald), brann/redning/beredskap, utbyggingsprosjekt og Austevollbadet.  

 

 

Arbeidsstad

Plan- og byggesaksavdelinga har 9 tilsette og yter tenester innan byggesak, private reguleringsplanar og delesaker. Dette inneberer mellom anna byggesakshandsaming, ferdigattestar, rivingsløyve, frådeling, dispensasjon, matrikkelføring,
seksjonering eigedomsmeklarpakkar, arkivering, klagesaker, konsesjonssøknadar, eigenfråsegn om konsesjonsfridom, rettleiing, adresseendring, utsleppsløyve, detaljreguleringsforslag, arbeid med områdeplan og kommuneplan

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Sakshandsaming etter plan- og bygningslova:

  • Reguleringsplanforslag
  • Byggeløyve
  • Ferdigattester
  • Dispensasjonar
  • Frådeling
  • Råd og rettleiing til publikum
  • Klagesaker
  • Eigedomsmeklarpakker
  • Tilsyn retta mot prosjektering, utføring, styringssystem og kvalifikasjonar, oppfølging av arbeid uten nødvendig løyve.
  • Anna sakshandsaming etter forvaltningslova.
  • Arkivering

 

 

Kvalifikasjonar

  • jurist, ingeniør eller arkitekt
  • søkjar med anna relevant høgare utdanning og  praksis frå arbeidsområdet, eller tilleggsutdanning innan dei aktuelle fagområda, kan bli vurdert
  • bør ha kjennskap til plan- og bygningslova med forskrift
  • ønskjeleg med kjennskap til offentleg forvaltning
  • ønskjeleg med relevant arbeidserfaring frå sakshandsaming, men nyutdanna oppmodast også til å søkja.
  • god brukarkompetanse på grunnleggjande dataverktøy

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er effektiv, serviceorientert og har gode samarbeidsevner. Vidare må du ha:

  • evne til initiativ
  • gode kommunikasjonsevner
  • evne til god skriftleg og munnleg framstilling
  • stor arbeidskapasitet

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Del på:

Referansenr:

19/739

Fylke:

  • Hordaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.06.2019

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Plan - og byggesaksavdelinga

Kontaktpersonar:

Erik Andreas Kyvig

tlf: 55081104

mob: 40498112

Adresse:

Birkelandsvegen 2 5392 Storebø